Illustrasjon av to perspektiv

To perspektiv (biletet er henta frå http://sociologysessions.blogspot.no)

Same historie kan bli ganske annleis om ho blir fortalt av to ulike personar. I denne oppgåva skal de skrive om same hending, frå to ulike perspektiv.

Til dømes kan de skrive om ei jente som krasjar med sykkelen og ein gutt som kjem gåande og ser jenta som krasjar. Skildre dette.

De kan velje å skrive første halvdel frå det eine perspektivet, og andre halvdel med det andre perspektivet. Det går òg an å blande perspektiva meir inn i kvarandre, viss de klarer å gjere det tydeleg likevel.