Kjensle

Maskina sluttar å pipe. Det er over. No er han borte for alltid. Eg held fortsatt handa hans, sjølv om eg veit at han ikkje kjenner det. Det er for tidlig. Eg er ikkje klar til å sleppe taket. Det kjennes som om alt blir meiningslaust utan han. Som om alt som ein gong var meg, har blitt tatt bort og erstatta med ein stor klump. Klumpen veks seg større og større. Til slutt fyller den heile kroppen min. Den er tung, og eg veit ikkje korleis eg skal klare å bære på han. Augo mine fylles opp med tårer. Eg ser ikkje klart. Eg tenkjer ikkje klart. Eg var ikkje klar. Ikkje klar for å miste han.